Dei reiv deg ut av din heim, fordi du var jøde.
Dei tok frå deg familien din, fordi du var jøde.
Dei kledde deg naken, fordi du var jøde.
Dei mishandla deg, fordi du var jøde.
Dei skaut deg med kaldt blod, fordi du var jøde.
Aldri meir vil du få høyre vakker fuglesong om våren.
Aldri meir vil du kunne liggja i graset ein varm dag, og vite at du er fri.
Aldri meir vil du få sjå dine ungar i uskuldig leik.
Aldri meir vil du kunne oppleve jordas grøde, fordi du var jøde.

